onsdag 30. desember 2009

NY SYMASKIN!!!


Har de sett :-D Eg har fått ny symaskin! Eg har nett blitt 40 år og fekk pengegåver frå nære og kjære. Eg tok pengane i lomma, gjekk inn på Stoffsenteret i Ørsta og kjøpte denne. Ei Bernette 92c. Tenk kor heldig eg er :-) Sjølv om eg framleis saknar mor mi si Pfaff maskin frå 50-talet som tok farvel med meg i haust (maskina altså) så er eg overvelda over å ha eit slikt vidunder i hus. Hipp hurra!

laurdag 12. desember 2009

julegåvebestilling 3







julegåvebestilling 2





fredag 11. desember 2009

julegåvebestilling 1




torsdag 3. desember 2009

englerekka mi på juleutstilling på kunsthuset i ørsta







opning laurdag 5.desember kl. 12.00

fredag 27. november 2009

Julekalender


Då er snart tida koma. Eg har tatt bilete av vesleknerten sin julekalender. Eit lite dokketeater som mor (eg) har modifisert. Det som eg (og vesleknerten) er så glad i med denne er at julekalenderen har nulltoleranse for stress. Ingen krisekjøp i butikkar siste dagen i november. Ingen rykande minibankkort. Berre ei spanande skattejakt i skuffer og skap for å finne noko å setje inn i den magiske julekalendaren. Eg blir like glad som vesleknerten når vi forsiktig opnar døra til magien og finn eit gamalt, lite skrujern eller eit par nøklar, eller ein plastdiamant. Tenk hadde eg klart å gjere denne ideen til eit mantra for førjuls- og juletida.




onsdag 4. november 2009

perlehårengelen