onsdag 30. desember 2009

NY SYMASKIN!!!


Har de sett :-D Eg har fått ny symaskin! Eg har nett blitt 40 år og fekk pengegåver frå nære og kjære. Eg tok pengane i lomma, gjekk inn på Stoffsenteret i Ørsta og kjøpte denne. Ei Bernette 92c. Tenk kor heldig eg er :-) Sjølv om eg framleis saknar mor mi si Pfaff maskin frå 50-talet som tok farvel med meg i haust (maskina altså) så er eg overvelda over å ha eit slikt vidunder i hus. Hipp hurra!

7 kommentarer:

  1. Eg er så heldig å sjå bort til deg kvar einaste dag! Nest etter Halsane bur du på verdens finsast plass!!! Blir spennande å sjå kva du skal kreere med den nye symaskina di!

    SvarSlett
  2. Gratulerer med ny maskin, OG GODT NYTT ÅR. Vonar me kan mørast på rett, i det nye året... Varm klem frå meg

    SvarSlett
  3. Misunneleg!!! Og veldig glad på dine vegne :-) ...er forresten heilt einig med Tove. Har ikkje rangeringa i orden, men Halsane og Steines er saman med Raudøya absolutt finaste plassane!!!

    SvarSlett
  4. Hei Katharina! Ser at det er leeeenge sidan du var inne her... Vonar du har det bra! Eg har lyst til å utfordre deg, så det ligg ein Pay-it forward på bloggen min til deg. Det du må gjere er å lese instruksen på bloggen min... Dersom du er med, sender eg deg ei gåve om litt... Varm klem

    SvarSlett
  5. Ai! Takk for at du la att ein hyggeleg melding på bloggen min, sånn at eg kom over deg. I alle dagar så kreativ du er! Gratulerer med nytt vidunder :-)

    SvarSlett
  6. Symaskina di fyller snart år, planar for dagen?

    SvarSlett
  7. I'm honored to obtain a call coming from a friend when he uncovered the important suggestions shared on your site. Studying your blog article is a real wonderful experience. Many thanks for thinking about readers at all like me, and I wish you the best of achievements like a professional in this field. calling card.....Best Cardsharing Server

    SvarSlett