fredag 27. november 2009

Julekalender


Då er snart tida koma. Eg har tatt bilete av vesleknerten sin julekalender. Eit lite dokketeater som mor (eg) har modifisert. Det som eg (og vesleknerten) er så glad i med denne er at julekalenderen har nulltoleranse for stress. Ingen krisekjøp i butikkar siste dagen i november. Ingen rykande minibankkort. Berre ei spanande skattejakt i skuffer og skap for å finne noko å setje inn i den magiske julekalendaren. Eg blir like glad som vesleknerten når vi forsiktig opnar døra til magien og finn eit gamalt, lite skrujern eller eit par nøklar, eller ein plastdiamant. Tenk hadde eg klart å gjere denne ideen til eit mantra for førjuls- og juletida.




3 kommentarer:

  1. For ein nydeleg kalender og tanken bak er utruleg flott!
    Kor fine dei er alle englane dine også.:) Utradisjonelle og heilt unike. Kor flink du er!

    SvarSlett
  2. Tusen takk for kommentaren, det er alltid så kjekt når nokon set pris det ein lagar :-) Englane mine er min eigen design og alle saman er ulike og det meste av stoff er gjenbruk. Kassene er barneskoøsker og no har eg fått tak i tapetbøker (fulle av fantastisk papir) som skulle kastast til å kle dei med. Eg er overlukkeleg ;-)

    SvarSlett
  3. JIPPI!!! Ja, det er meg, Anita. Og gjett om eg hugsar DEG, snille, artige, kreative Katarina! Eg vil lese meir av bloggen din seinare. Må forte meg avgarde...oppdaga deg då eg fole raskt skulle kike innom.... Varm klem frå Anita

    SvarSlett